Vi søkjer ny dagleg leiar
Sidan vår mangeårige daglege leiar nærmar seg pensjonsalder, ønskjer han å overlate stillinga til ein ny dagleg leiar.
Dine viktigaste ansvarsområde og oppgåver
Totalansvar for å utvikle selskapet
Strategisk planlegging og organisasjonsutvikling
Øvste drifts-, personal- og resultatansvar for selskapet
Kundeorientering og salgsoppfølging
Skape ein sterk og samla kultur i selskapet
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning innan mekanisk industri og god forretningsforståing
Relevant bransjeerfaring, med fagbrev vil vere ein fordel
Gode kommunikasjonsferdigheiter både på norsk og engelsk
Leiarerfaring, vere sterk på å bygge gode team og kunne leie gjennom andre
Kunne dokumentere gode resultat
Personlege eigenskapar
Evne til å skape engasjement og begeistring (både internt og eksternt)
Stor arbeidskapasitet, vere målretta og energisk
Strukturert, beslutningsdyktig og høg grad av gjennomføringsevne
Vilje til å yte «det lille ekstra», godt humør!
Gjerne vere engasjert i lokalt frivillig organisasjonsarbeid på fritida
Viktig å kunne kjenne og følge kulturmiljøet til våre kundar
Vi kan tilby
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagleg miljø
Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling og trivsel
Konkurransedyktige betingelsar
Arbeidsstad i eit sterkt industrimiljø i Svelgen som no satsar sterkt på næringsutvikling
Send søknad
Vi ser fram til å motta din CV og søknad via vår styreformann Asbjørn Steen på
e-post: asbjorn.steen@enivest.net.
For ytterlegare opplysningar, ta kontakt med vår styreformann Asbjørn Steen på telefon 90993393.
Søknadsfrist: 24. april